Det er raudt farevarsel og varsel om ekstremvèr i indre Sogn torsdag 31. oktober. Vi har difor kome til at det vert heimeskule denne dagen.
Skulen har vore i kontakt med alle kommunane i Sogn, og i tillegg gjort vurderingar om korleis det vil vere for elevane å reise til skulen i det varsla uvèret. Vi har difor kome til at det vert heimeskule torsdag 31. oktober. Undervisninga vert på teams, og faglærarane tek kontakt med elevane med tanke på oppmøte og undervisning.
Fredag er det planleggingsdag og elevane har fri.