Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring (gjeld frå 1. august 2024). Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Sogndal vidaregåande skule tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne innan fleire fagfelt. Oversikta over tilboda 2025-2026 er følgjande

  • Studiekompetanse i faga norsk, historie og naturfag
  • Tømrarfag, mur- og betongfag
  • Kokk og servitør - Gloppenmodellen vg3
  • Helsearbeiderfag -  Modulstrukturert opplæring

Du finn meir informasjon på Vestland fylkeskommune sine sider:

- Rettleiingstenesta

- Vidaregåande fagtilbod for vaksne  i Vestland fylkeskommune 2025-2026 

Fagområde: Generell studiekompetanse

Skuleåret 2025-26 blir desse faga tilbydd: norsk, historie og naturfag

Det er samling anna kvar veke i alle fag, med unntak av samfunnsfag som har tre fysiske samlingar per termin. Samlingane startar kl. 16.00, og er ferdige ca. 19.30. Det er 4 undervisningstimar per samling. Mellom samlingane blir det kontakt med faglærar på Teams (nett).

Prøvar/vurderingssituasjonar blir gjennomført på samlingar i faga. I tillegg blir det heildagprøvar på dagtid i norsk. Desse prøvane blir lagt til fredagar.

Undervisningsdag for faga blir bestemt seinare.

Har du spørsmål knytt til generell studiekompetanse? Ta kontakt med avdelingsleiar Unn Elin Lohne

Tømrarfag, mur- og betongfag

Oppstart av programområde vert avgjort basert på tal søkjarar

Undervisningsdag for faga blir bestemt seinare.

Har du spørsmål knytt til tømrarfag, murfag eller betongfag? Ta kontakt med avdelingsleiar Per Ivar Lomheim.

 

Kokk- og servitørfag- Gloppenmodellen

Opplæringa er organisert mellom teori og praksis med 3 dagar på skule og 2 dagar ute i bedrift.                                                                                                           

Det tredje året blir det undervist i fellesfaga ( Norsk, matematikk, naturfag, englesk og samfunnsfag) også 2 dagar i bedrift. Det fjerde året er heile opplæringa i bedrift/kommunal institusjon som lærling.Totalt løp fram til fagbrev er fire år.

Har du spørsmål knytt til opplæringa? Ta kontakt med avdelingsleiar Per Ivar Lomheim.

Helsearbeidarfag

Det vert tilbod om modulstrukturert opplæring i helsearbeidarfaget. Modulstrukturert opplæring  er ein måte å organisere opplæring, fram mot fag- og sveinebrev på, som er betre tilpassa deg som vaksen sine behov, utgangspunkt og livssituasjon. 
Hovudopplæringa vil skje meir i bedrift og mindre i skule og opplæringa 
bygger på den kompetansen du har med deg inn i lærefaget.

Modulstrukturert opplæring deler opplæringa inn i ulike modular. Modulane omfattar til saman heile læreplanen på vg3. Sluttkompetansen er den same som for ordinært løp.

Har du spørsmål om opplæringa, kan du ta kontakt med avdelingsleiar Lars Olav Halleråker.

Vidare informasjon

Du finn også meir informasjon om faga eller andre opplæringstilbod for vaksne på:

Vilbli.no 

Andre opplæringstilbod for vaksene i Vestland fylkeskommune

For å få tilbod om vaksenopplæring / realkompetansevurdering, må du sende søknad via www.vigo.no. Klikk deg inn på “Vaksenopplæring/realkompetansevurdering” og følg instruksjonane du får. Legg inn ønskja sluttkompetanse, tidlegare skulegang og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette, og vi kontaktar deg.