Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram) passer godt for deg som trivs med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag.
Dei som vel studiespesialisering har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule, og utdanningsprogrammet gjev deg eit solid grunnlag til å studere vidare både i Noreg og i utlandet.
Studiespesialisering ved Sogndal vgs
Skulen har 3 parallellklassar på studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram), kvar med 27-30 elevar både på vg1, vg2 og vg3. I Vg1 har du fellesfag (obligatoriske fag). I Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må være innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi. Desse faga skal du ha i to år.
For deg som vil studere vidare
Når du har fullført og bestått tre års skulegang, får du generell studiekompetanse, og kan søkje opptak på høgskule eller universitet. Somme studium krev at du vel særskilte fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.
Det første året, Vg1 ST
Du må ha 30 timar pr. veke i løpet av det første året.
Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:
- Engelsk: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Norsk: 4 timar
- Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Naturfag: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Samfunnsfag: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Geografi: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Kroppsøving: 2 timar
- Framandspråk: 4 timar
Her ligg ein video frå rådgjevar ved skulen som ei støtte til val av framandspråk på vg1
Det andre året, Vg2 ST
Fellesfag/obligatoriske fag på Vg2 er til saman 15 timar pr. veke. Resten er valfrie fag/programfag. Fellesfaga er:
- Norsk: 4 timar
- Historie: 2 timar
- Kroppsøving: 2 timar
- Framandspråk: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Matematikk 2P (Praktisk matematikk): 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål. Dersom du vel anna matematikk har du ikkje 2P.
Programfag vg2 og vg3
Samleoversikt over valmoglegheiter for programfag på vg2 og vg3
Her ligg ein video frå rådgjevar ved skulen som ei støtte til val av programfag på vg2
Det tredje året, Vg3 ST
Fellesfag/obligatoriske fag på Vg3 er også 15 timar pr. veke. Resten er valfrie fag/programfag.
Fellesfaga er:
- Norsk: 6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
- Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
Valfrie fag/programfag på Vg2 / Vg3
For å få studiekompetanse må du velje 2 fag som du har over 2 år (til saman 10 timar pr. veke). I tillegg kan du velje eitt fag til - uavhengig av programområde (5 t/v). Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.
Dei valfrie programfaga ved Sogndal vgs kan variere frå år til år, men skulen har dei siste åra vald å tilby:
- biologi 1 og 2
- kjemi 1 og 2
- fysikk 1 og 2
- matematikk R1 og R2
- matematikk S1 og S2,
- informasjonsteknologi 1 og 2
- rettslære 1 og 2
- engelsk 1 og 2
- økonomistyring
- økonomi og leiing
- sosiologi og sosialantropologi
- psykologi 1 og 2
- medie- og informasjonskunnskap
- politikk og menneskerettar
På vilbli.no står det meir om studieførebuande/studiespesialiserande utdanning