Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje restaurant- og matfag?
Dette er faget for deg som er interessert i matlaging, kosthald og ernæring
Vi tilbyr
- Vg1 restaurant- og matfag
- Vg2 kokk- og servitørfag
Kva kan du bli?
Du kan velje mellom mange yrke, som mellom anna:
- kokk, ernæringskokk eller servitør
- bakar eller konditor
- pølsemakar eller ferskvarehandlar
- fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell matproduksjon
Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no
Ved Sogndal vidaregåande skule har vi lange fagtradisjonar og dyktige, engasjerte lærarar som legg vekt på at elevane skal bli gode fagarbeidarar. Restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule har nye og gode praksislokale med godt utstyr.
For skuleåret 2022/2023 har Vestland fylkeskommune, Nav region Sogn og reiselivsnæringa inngått eit samarbeid med bakgrunn i stort behov for kokkar og servitørar i Sogn. Les meir om samarbeidet på Sogndal kommune