Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.
Har du ambisjonar innanfor idretten din? Mål om studiekompetanse, samstundes som du har ein aktiv skulekvardag? Likar du å utfordre deg sjølv gjennom nye aktivitetar? Har du ambisjonar om gode resultat i fag? Då er idrettsfag ved Sogndal vidaregåande skule plassen for deg. Her er kva andre elevar har sagt om å gå her:
Elevkommentarar
Sofia 1ID: «Skulen legg godt til rette for idretten, kampane, og ikkje minst at man kan ta idrettar som privatist.»
Andreas 1ID: «Eg trivest godt på skulen og likar at eg får moglegheitene til å trene i skuletida samtidig som eg får lært mykje i dei ulike faga.»
Martin 2ID: «Idrett er den perfekte kombinasjonen mellom fag og idrett, og du har eit tid du aldri vil gløyme.»
Ingrid 2ID: «Eg er glad for at eg valte å gå idrett. Ein har varierte skuledagar med fysisk aktivitet kvar dag. Det er eit veldig sosialt miljø, der ein blir godt kjent med mange kjekke folk.»
Tom 3ID: «Idrett er det beste valet eg har gjort, me får avlaste skulearbeid med kjekk og nyttig fysisk aktivitet kvar einaste dag. Me får mange gode opplevingar samt som miljøet er på topp.»
Malin 3ID: «Eg valte idrett fordi eg får kombinere fotball med skule. Klassemiljøet har eit eige nivå, og alle opplevingane me gjer saman ville eg aldri vore forutan! »
Lydia 2ID: «Å starte dagen med trening gir meg energi og glede og gjennom ein aktiv kvardag og kjekke tura, så blir vi godt kjent med kvarandre!»
«Idrett er sosialt og me blir kjent med kvarandre på en unik måte gjennom èin aktiv kvardag og kjekke turar saman!»
Vi tilbyr
Idrettsfag tilbyr idrett og aktivitet på alle nivå. Du kan velje toppidrett fotball om du ynskjer å satse på denne idretten, elles kan du velje breiddeidrett og få eit meir allsidig aktivitetstilbod.
Utdanningsprogram idrettsfag gjev ein variert kvardag med veksling mellom teorifag og trening. Ved å gå på idrettsfag får du ein aktiv og variert kvardag samstundes som du får generell studiekompetanse, og kan studere vidare på dei aller fleste høgskular og universitet. Du får god kjennskap til riktig trening gjennom teori og praksis, som kan gje eit godt grunnlag for deg sjølv som idrettsutøvar og som rettleiar innan idretten.
Kva kan du bli?
Etter fullført utdanningsprogram oppnår du studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Då er moglegheitene mange, og utdanningsretningar kan blant anna vere fysioterapi, idrettspsykolog, lærar, idrettskonsulent politi eller liknande.
Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no
Idrettsfag ved Sogndal vgs
Sogndal vgs. har hatt idrettsfagtilbod heilt sidan 1983, og har dermed lang erfaring med tilrettelegging for aktivitet. I dag er Sogndal vgs ein del av Fosshaugane Campus som gjer at du har kort veg til mange ulike idrettsanlegg som idrettshall, symjehall, fleire fotballbaner, friidrettsanlegg, styrkerom, klatrevegg, sandvolleyballbane og basketballbane. I tillegg har vi naturområde i nærleiken som vi kan nytte. Det gjer at du får prøvd deg i mange ulike idrettar, både dei tradisjonelle og dei meir moderne idrettsaktivtetane.
Når du går på idrettsfag får du minst ei treningsøkt i skuletida kvar dag. Vi tilbyr breiddeidrett der elevane får trening i fleire ulike idrettsaktivitetar, og toppidrett, der elevane kan fordjupe seg i ein idrett. Idrettsfaglærarane på skulen har brei kompetanse og kan rettleie elevane i mange idrettar. Vi tilbyr toppidrett innan ski og fotball.
Elevane på idrett gjev uttrykk for at miljøet i idrettsfagklassane er særs godt. Mykje aktivitet saman, i tillegg til kjekke naturopplevingar på tur, gjev grunnlag for godt miljø som igjen fører til gode vilkår for læring.
Felles programfag på idrett er
I løpet av den første månaden på vg1, må du som elev velje mellom toppidrett og breiddeidrett som programfag. Dette utgjer 5 timer i veka der du kan spesialisere deg i ”din” idrett, eller velje breiddeidrett som gjer ein breiare basis i ulike idrettsaktivitetar.
Aktivitetslære eit felles programfag som går over tre år. Kjerneelement i faget er idrett, leik og aktivitet, basistrening og friluftsliv.
- Innafor idrett handlar det om å prøve seg i eit variert utval av idrettar med fokus på praktisk utføring, allsidigheit, samhandling og målretta trening.
- Innafor leik og aktivitet vil undervisninga bere preg av allsidige, varierte og kreative opplegg der gleda av å vere i rørsle samt meistring står sentralt.
- Hensikta med basistrening er å gjere elevane i stand til å ivareta eigen helse og bidra til å utvikle dugleik.
- Friluftsliv: Her reiser vi på tur i ulike typar naturmiljø. Varigheita på turane varierer frå 1–3 dagar: Vi gjennomfører tradisjonelt turar som
- Fjelltur
- Snøholetur
- Kanotur
- Kystfriluftsliv, surfing
- Bretur
- Skitur / Skiveke
- Sykkeltur
Treningslære er eit teoretisk fag med mykje praktisk tilnærming som går over alle tre åra på idrettsfag. Faget er viktig for å få ei god forståing for kva som krevst for å utvikle seg som idrettsutøvar. Treningslære er tett knytt til aktivitetslære, der teorien ein lærer om i treningslære vil prøvast ut i praksis gjennom faget aktivitetslære. I 2. og 3. klasse vil du ha to felles programfag til i idrett:
Treningsleiing
- Du får erfaring i å planlegge og gjennomføre arrangement
- Leiingsutvikling inngår også som ein del av læreplanen
Idrett og samfunn
- Eit diskusjonsfag med vekt på samfunnsutvikling, historie, fair play, doping, media, olympiske leikar osb.
Valfritt programfag i breiddeidrett
Du kan velje mellom breiddeidrett og toppidrett. I faget breiddeidrett vil du få opplevingar og utfordringar som er med på å skape glede og meistringskjensle, både individuelt og i sosiale fellesskap. Faget har som mål å skape gode relasjonar og bidra til eit inkluderande og utviklingsorientert læringsmiljø.
Vel du breiddeidrett, vil du ha lærarar som legg til rette for å vekkje nysgjerrigheit, engasjement og glede rundt aktivitet. Faget vil ha ulike kurs i løpet av året, både felles kurs og valperiodar med emnekurs i ulike idrettar. Her vil du få prøve ut ulike ting, samstundes som du får rettleiing knytt til trening og livsstil.
Valfritt programfag i toppidrett i fotball
På Sogndal vidaregåande skule tilbyr vi toppidrett fotball på gute og jentesida. Her har vi over lengre tid hatt godt samarbeid med Sogndal fotball og Sogndal FK for gjennomføring av økter der dei bistår med tilleggskompetanse på trenarsida.
Olympiatoppen Vest har eit samarbeid med skulen kor du kan søke deg inn på spissa toppidrett i fotball. Meir om dette finn du på Toppidrettslinjen: Søknadsprosedyre til Sogndal - Spissa toppidrett, fotball
Fellesfag Saman med desse faga ligg det fellesfag som er med å garantere den generelle studiekompetansen. Dette kan du lese meir om på: Idrettsfag | udir.no
Søknad
Søknad til idrettsfag ved Sogndal vgs gjer du gjennom vigo.no. Du kan ved inntak få tilleggspoeng for gode prestasjonar i idretten din.
Du kan maksimalt få 9 poeng tildelt for nivået på ferdigheitene i din fordjupingsidrett.
- 3 poeng – kretslagsnivå (regionalt)
- 6 poeng – nasjonalt nivå.
- 9 poeng – internasjonalt nivå
«Det tildeles tilleggspoeng KUN for prestasjoner oppnådd frå 01.05.2023-05.05.2025.»
Velkommen til idrettsfag.