Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

Elev på elektro som utfører arbeid i ein lysstolpe

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Første studieår (Vg1)

 

Elektro og datateknologi

På vg1 elektro og datateknologi ved Sogndal vidaregåande skule er vi mykje på verkstaden med praktiske oppgåver i tillegg til teori i klasserommet.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 12 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 6 timar pr. veke
Programfag
  • Produksjon, 6 timar pr. veke
  • Automatiseringssystem, 5 timar pr. veke
  • Data- og elektronikksystem, 5 timar pr. veke
  • Elenergisystem, 5 timar pr. veke
Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Bedriftsbesøk
Fellesfag
  • Matematikk, 3 timar per veke
  • Engelsk, 5 timar pr. veke
  • Naturfag, 2 timar pr. veke
  • Kroppsøving, 2 timar pr. veke
Etter at du er ferdig med Vg1 Elektro og datateknologi kan du velje mellom fleire fag på Sogndal vgs:
  • Vg2 Data og elektronikk
  • Vg2 Elenergi
  • Vg2 Køyretøy
Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om
  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

    på vilbli.no.

Andre studieår (Vg2)

Du kan velje mellom følgjande studieretningar:

  • Datateknologi og elektronikk
  • Elenergi og ekom

 

 

Datateknologi og elektronikk

Er du interessert i å jobbe med elektronikk, data, smarthus, programmering, kommunikasjon og nettverk? Då bør du velje denne utdanningsvegen. Samfunnet vårt har blitt meir og meir avhengig av elektronisk utstyr og treng difor flinke fagpersonar innan dette fagområdet. På skulen jobbar me mykje på verkstad med praktiske oppgåver, i tillegg til teori på klasserommet.

Linja vår har eit nært og godt samarbeid med næringslivet og elevane våre er ute i praksis ein dag i veka det meste av skuleåret. Etter at du er ferdig med Vg2 datateknologi og elektronikk, kan du ved Sogndal vgs gå vidare på Vg3 dataelektronikarfaget, der elevane får to dagar praksis i veka. Etter Vg3 ventar 1,5 års læretid i bedrift.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Data- og informasjonsteknologi, 7 timar pr. veke
  • Elektroniske kretsar og utstyr, 10 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Norsk, 4 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

 

 

Elenergi og ekom

På vg2 elenergi og ekom kan du blant anna utdanne deg til elektrikar, tavlemontør, energioperatør eller energimontør. Etter to år på skule, er du klar til å gå ut i 2,5 års læretid. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet og elevane er ute i praksis i 4 veker på vårparten av skuleåret.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Automatiseringssystem, 5  timar pr. veke
  • Elenergisystem, 7 timar pr. veke
  • Data- og elektronikksystem, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift 4 veker i løpet av skuleåret
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar pr. veke
  • Engelsk, 2 timar pr. veke
  • Norsk, 2 timar pr. veke
  • Kroppsøving, 2 timar pr. veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tredje studieår (Vg3)

 

Dataelektronikarfaget

Skulen har veldig godt samarbeid med næringslivet innan IKT og elevane får som oftast utplassering i bedrift 2 dagar pr. veke i perioden frå midten av oktober til april.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

Programfag

  • Apparat og utstyr, 19 timar pr. veke
  • System og infrastruktur, 14 timar pr. veke

Fellesfag

  • Kroppsøving, 2 timar pr. veke

På Sogndal vgs får du jobbe med serversystem, IT Sikkerhet, LAN, programmering alarmsystem. Det er og høve til å jobbe med eigne prosjekter som: 3d-printing, speldesign og liknande. Skulen har  god blanding av teori og praksis i undervisninga.

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.