Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elever får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Det er obligatorisk å gjennomføre Elevundersøkinga for 7. trinn, 10. trinn og vg1 i haustsemesteret. Skulen gjennomfører og undersøkinga på vg2 og vg3.
Svara vert brukt av skulen, kommunen og staten for å følgje opp skulemiljøet og elevane sin trivsel. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga og det er også mogeleg å hoppe over spørsmål.
Elevane gjev ikkje opp ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. Derfor er det svært strenge regler for visning av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og statlege utdanningsmyndigheiter. Resultata frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogeleg å kjenne att elevane sitt svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga vert lagra og brukt på rett måte. Svara frå Elevundersøkinga vert lagra så lenge det er naudsynt, og kan bli brukt til forsking og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Informasjonsvideo om elevundersøkinga