Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.
Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune (VLFK). Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart.
All informasjon om ordninga ligg på nettsida til Vestland fylkeskommune.
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/
Her ligg det også informasjon om
- kven som kan kjøpe gjennom ordninga
- bruk av eiga maskin
- val av maskin
- modellar
- kjøpsvilkår
- service og support
Har elevane vanskar med å gjennomføre kjøp skal dei kontakte Komplett.
- E-post: elevpc@komplettbedrift.no
- Teleon: 33 00 51 30
Blir bestillinga avvist eller lurer du på om du har rett til å kjøpe PC, send skriftleg melding med fornamn og etternamn til Elevpc@vlfk.no