Hopp til hovedinnhold

Danningsveke

I veke 40 hadde vi danningsveke på skulen. Vi starta med markering av verdsdagen for psykisk helse med tema vi treng å snakke meir saman

 

Elevane fekk varm kakao til skulefrukosten og lappar laga av helse og oppvekst om dei kunne skrive kva som var fint med å gå på skulen. 

Hovudtema for veka var rus, og alle klassane deltok på rusforedrag av erfaringskonsulent i Luster kommune Johnny Gjerde. Elevane syns foredraget var svært interessant og det gjorde inntrykk på dei.  

Idrett og studiespesialiserande var også på føredrag med Cidi Nzita om rasisme og inkludering. Han gjorde djupt inntrykk på elevar og lærarar.  

Vi avslutta danningsveka med eit veldig kjekt skuleball!