Arbeidslivskontakten sitt arbeidsfelt
- Samarbeide mellom skulen og offentlege/private verksemder.
- Ansvar for oppfølging av YFF i samarbeid med avdelingsleiarane.
- Ansvar for koordinering av utplassering for elevar i samarbeid med faglærarane i YFF/kontaktlærarane.
- Samarbeid med lærebedrifter/opplæringskontor.
- Syte for at elevane får god informasjon om lærlingordninga og god hjelp i søknadsprosessen.
- Heve kompetansen til tilsette om lærlingordninga.
- I samarbeid med rådgivingstenesta vidareutvikle og systematisere karriererettleiing for elevane.
- Vidareutvikle og systematisere skulen si rolle i formidlingsprosessen, og for søkjarar som blir tilbakeført til skulen.
- Ansvar for arbeidet med entreprenørskap.
Ansvar i formidlingsprosessen
- Kvalifiserte søkjarar utan læreplass per 15.08 i avgangsåret, vert samla til informasjonsmøte og strategi for den enkelte blir lagt.
- Halde felles informasjonsmøte om vegen vidare i august.
- Ha individuelle samtalar for å kartlegge den vidare formidlingsprosessen.
- Kontakte bedrifter i nærområde for å skaffe seg læreplass til våre elevar.
- Kontakte søkjarar som ikkje møter på skulen til informasjonsmøte, for å avklare statusen til søkjaren.
Arbeidslivskontakt
Ta kontakt på teams eller møt opp på kontoret for å avtale møte.
Arbeidslivskontakten har kontor i 3. etasje på skulen. Finn du ikkje fram kan du henvende deg i ekspedisjonen