Svarskjema for elevar på Vg2 yrkesfag
Info_


Er du elev på Vg2 yrkesfag og har søkt læreplass? Då må du fylle ut og sende inn svarskjema før 1. juni, til Opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette skal gjerast uansett om du har fått læreplass eller ikkje. Du finn skjema med returadresse på neste side.
2015.05.19 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
Rapport frå Islandsturen
2KEA - Islandsturen 2015

Sogndal VGS og Idnskolinn i Hafnarfjordur på Island har eit samarbeidsprosjekt over to år som er finansiert av Nordisk Ministerråd gjennom Nordplus junior. Tema heiter «Miljøvenleg metodar for varmeanlegg til bygningar» med elevutveksling til skulane og arbeid i bedrift. I Noreg har me fokus på solvarme og varmepumper medan på Island er det geotermisk varme som står på programmet. Me tek også føre oss ulike røyrsystem og verktøy som er spesielt for Island og Noreg. Heile 2 KEA klassen, Henry Helle og Oddbjørn Skjerdal var med til Island 10.-17. april der me hadde gode og lærerike dagar. Her kjem rapport og bilete frå Islandsbesøket.

2015.05.13 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
London-turen til 2. klasse Media.
London-15BBCstort

2 MK var i april på den tradisjonsrike klasseturen til London. Det vart ei innhaldsrik veke i varmt forsumarvær i verdsmetropolen. Turen omfatta ulike medieaktivitetar - BBC-besøk , kunstmuseum/galleri, konsertar og fotooppdrag m.v.
2015.05.05 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
2 fulle hus på Russerevyen !
Revyallefram

Russen sparka tysdag kveld for alvor i gang feiringa med russerevyen 2015. Revyen samla 2 fulle hus i kulturhuset. Ein klassetur til Oslo var den raude tråden i revyen med tittelen "96 km/t" - der både sketsjar, orkester og danseinnslag treffte publikum godt.
2015.04.29 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Tysdag : Russerevyen 2015 !!
Revy2015

Tysdag kveld køyrer Raudrussen ved Sogndal vgs 2015 i gang den tradisjonsrike russerevyen. Denne gongen i ekstra høgt tempo med revytittelen : " 96 km/t " ! Det vert 2 forestillingar i Sogndal Kulturhus ; kl. 18.00 og 20.00. Revysjef Sarah Fiskaa Haugen håpar på godt frammøte til begge forestillingane.
2015.04.25 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Forfattarbesøk
Gamer


Førre veke hadde Sogndal vgs, i regi av bibliotekarane på Sogndal bibliotek og vår eigen skulebibliotekar Else Brita Ness, besøk av ein av forfattarane bak serien Skumring, Tor Arve Røssland. I tillegg Ingebjørg Lundevall som jobbar i foreninga Leser søker bok, som bidreg til at denne bokserien blir publisert.
Saman med klasse 1STD og norsklærar Irene Revheim, vart bøkene diskutert, utifrå innhaldet, det røffe uttrykket og det at serien er i kategorien "lettlest".

2015.04.21 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
Nytt elevrådsstyre
Nytt elevrådsstyre 2015


Val av nytt elevrådsstyre blei gjort i dag. Sofie Sundberg i 1 STD er vald inn som som leiar, og Hanna Vangsnes (1STA) som nestleiar. Styremedlemar er Gabriel Yttri frå 2STC, Emil Fosse frå 1BAB og Jacub Sawczuk (ny) frå 1BAA.
2015.04.20 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
Vg1 Restaurant- og matfag på studietur til Frankrike
Matrett

Veka før påske reiste vg1 Restaurant – og matfag med to lærarar, ein foreldre og rektor til La Rochelle. Føremålet med turen var at elevane skulle gjera seg kjent i byen La Rochelle, der elevane på vg2 Kokk – og servitørfag kan ha praksisperiode i 3 veker på våren.
2015.04.20 av Marianne Hagen [Les meir...]
Basismesterskap for vgs- elevar ved toppidrett fotball, skiskyting og volleyball
basis

Torsdag 16. april arrangerte Sogndal vgs basismesterskap for elevar som går ved ordninga ”spissa idrettstilbod” ved Sogndal vgs, Hafstad vgs og Stryn vgs. Dette i samarbeid med Ingrid Narum i Sogn og Fjordane idrettskrins.
2015.04.19 av Ole Karsten Birkeland [Les meir...]
Imponerande 3. plass!
Ole Andreas Hermansen Stegegjerdet

Ole Andreas Hermansen Stegegjerdet tok ein imponerande 3. plass i fylkesmeistarskapet i industriteknologi. I tevlinga tysdag deltok han i klassen VG2 sveising. Det må nemnast at Ole Andreas er VG1 elev, så det var ein stor prestasjon å ta 3. plassen. Ole Andreas har vore utplassert ved Luster Mekaniske Industrier i faget Produksjon.

2015.04.15 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
3. klasse idrett på tur i Jotunheimen
jot3

Tysdag til torsdag denne veka har 3IDA vore på ekskursjon i Jotunheimen. Turen er ein del av faget aktivitetslære for VG3 på Idrettsfag. I dette faget er friluftsliv eit av tre hovudområder der kompetansemåla m.a. seier at ein skal praktisere friluftsliv med rot i lokale og nasjonale tradisjonar.
2015.04.13 av Ole Karsten Birkeland [Les meir...]
Til Island for å læra om miljøvenleg oppvarming av bygningar
Blå lagune

Fredag 10. april reiser alle i 2 KEA til Hafnarfjordur til Island. Me skal vera ved Idnskolinn og med lærar Gunnar sigurjonssòn i ei veke. Bilete og læringsutbyte vil bli godt dokumentert og presentert i ettertid.
Henry Helle og Oddbjørn Skjerdal er også med på tur.
2015.04.09 av Marianne Hagen [Les meir...]
Opplæringstilbod skuleåret 2015/2016
Opplæringstilbod 2015-2016

Hovudutval for opplæring vedtok onsdag ettermiddag å vidareføre vg2 Klima-, energi og miljø, samt vg2 Transport og Logistikk ved Sogndal vidaregåande skule.
I det administrative framlegget til fylkesdirektøren var dette tilbodet føreslått fjerna ved skulen.

Det har vore skrive mykje om saka i media siste veka, les vidare og sjå nokre av oppslaga.
2015.03.26 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
Imponerande filmfestivalkveld - 2 prisar til Sogndal vgs-elevar !
Filmfestallefram

3 MK fekk velfortent ros for Gallakvelden på Sogndal Filmfestival mandag kveld. Rundt 180 i salen storkosa seg både med kortfilmane og arrangementet. Elevar på Sogndal vgs stakk dessutan avgarde med 2 av 8 prisar. Publikumsprisen på NRK vart vunnen av15 år gamle Gjest Ingeson Kvåle. Han stakk avgarde med nær 30 % av dei 1910 røystene i nettavstemninga.
2015.03.24 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Velkommen til Sogndal Filmfestival i kulturhuset mandag kl. 19.00 !
logoFramFilmfest

Den raude løparen vert rulla ut : Alle tilsette / elevar er hjarteleg velkomne til Gallakvelden / kortfilmprisutdelinga i kulturhuset mandag kl. 19.00. Priskåring i 8 kategoriar m. visning av vinnarfilmane, sceneunerhaldning , sofaprat med filmduoen Anders Baasmo/ Ulrik Rolfsen og servering. Inngang kr 50 for elevar , vaksne kr. 100.- Arrangørar 3. klasse Media.
2015.03.23 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Imponerande av Russen - samla inn over 200 000 kroner til Kreftaksjonen !
RussenINnsamlign15

Sist veke avvikla Sogndalsrussen den årlege innsamlingsaksjonen for Kreftsaka. Heile 115 bøssebærarar var i aksjon. Næringslivet vart også utfordra til å gje pengar. Resultatet vart ny rekord for aksjonen til Sogndalsrussen: Over 200 000 kroner. Eit imponerande tal !
2015.03.16 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Lenke til Publikumsprisen på NRK Sogn og Fjordane.

10 kortfilmar ligg no ute på NRK Sogn og Fjordane for kåring av Publikumsprisen på Sogndal Filmfestival. Du kan avgi 2 stemmer pr. IP-adresse i døgeret.Både noverande og tidlegare elevar på Stud.Spes og MK er nominerte i konkurransen. SJÅ og STEM !!
2015.03.13 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Over 50 kortfilmar påmelde til konkurransen i Sogndal Filmfestival !
logoFramFilmfest

Det hadde kome inn heile 50 kortfilmar til Sogndal Filmfestival då jurymøtet starta i går ettermiddag. Me er svært nøgde med interessa seier festivalsjef Oddvar Vigdal i 3 MK. Juryen - med NRK-TVprodusent Stein Magne Os som leiar - nominerte i går kveld filmane i dei 8 priskategoriane. Publikumsprisen vert kåra på nett på NRK Sogn og Fjordane. Stein Magne Os seier juryen likte det dei fekk sjå.
2015.03.11 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Heile 270 9. klassingar på hospitering !
Ny skule/ Amfi-inne

Mandag og tysdag denne veka er det stor aktivitet på Sogndal vgs. Heile 270 9. klassingar frå 7 sognekommunar hospiterer på dei ulike linjene på skulen. Tilbakemeldingane frå hospitantane og lærarane frå ungdomsskulane er gode seier rådgjevar Jarle Flo. Hospiteringa er en del av opplæringa til utdanningsvala dei skal gjera neste år. Då vert det ny hospitering på ei anna linje enn der 9. klassingane er denne veka.
2015.03.10 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
2 prisar til UE-verksemd frå Sogndal vgs på Fylkesmessa i Førde onsdag !
UE15/standlite

UE-verksemda Tilbakeblikk på VG2 / Media vann 1. pris for beste utstilling på Fylkesmessa for Ungdomsverksemder i Førde onsdag.. Det er me veldig stolte over seier dagleg leiar for verksemda Sunniva Lerum Hollekve. Tilbakeblikk vann også 2. premie i klassen beste sosiale entrepenørskapsprosjekt. Sogndal vgs var representerte med 5 UE-verksemder på Fylkesmessa i Førde.Ei verksemd frå Eid vgs vart fylkesmeister i UE-konkurransen.
2015.03.05 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Brennaktuell filmregissør til Sogndal Filmfestival !
Rolfsen - 1 FRAM

Den norsk-pakistanske filmregissøren Ulrik Rolfsen vert foredragshaldar på Fagdagen til Sogndal Filmfestival 24. mars. Rolfsen er med norsk mor og pakistansk-fødd far sjølv eit produkt av det fargerike norske felleskapet. I filmane sine set han kritisk fokus på ulike delar av den pakistanske kulturen han sjølv er ein del av. Rolfsen vil bryta ned barrierer mellom norsk og pakistansk kultur. Han har også regien på 2 Varg Veum-filmar.
2015.02.23 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Samtalegruppe- vil utvikle tryggare ungdom
Ungdomsbasen

Me er to studentar som går 2. året på sosialt arbeid på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og me ynskjer å starte ei samtalegruppe i samarbeid med helsesøster og miljøkoordinator på skulen.
2015.02.16 av Marianne Hagen [Les meir...]
Diplomatar for ein dag
FN - Elevar i rollespel

Det var ein annleis skuledag for ca 45 vg3-elevar torsdag 5. februar då dei var «diplomatar for ein dag» i FN-rollespelet i kommunestyresalen i Sogndal. Møtet i Tryggingsrådet i FN vart opna av rektor Marta Sofie Vange. Presidenten frå FN-sambandet presiserte reglane og passa på at alle heldt seg til taletida og formalitetane. Scenariet er brennaktuelt: Kva er den beste strategien for å få slutt på konflikten i Syria?

2015.02.10 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
Reiser til Eshowe - får idear til nye hjelpeprosjekt !
Bilde tur EshoweFram2

I vinterferien reiser elevrådsleiar , 2 medlemmer i Nord-Sør-komiteen og ein frå leiinga til Eshowe for å få innspel / vurdera nye hjelpeprosjekt i Eshowe / Sør-Afrika. Barnehageprosjektet i Eshowe er no fullført. Det kom inn heile 213 000 kroner på Nord-Sør-aksjonen i haust. Elevrådet har bestemt at det skal startast nytt hjelpeprosjekt i Eshowe.
2015.02.09 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Guro gjekk heilt til topps i SumoRobot-turneringa
Sumoring

Det var spente teknologielevar før turneringa i SumoRobot i førre veke. I dei føregåande vekene hadde det vore mykje jobbing med å programmere robotar på ein best mogleg måte, for å kunne slå rivalane.
2015.02.04 av Marianne Hagen [Les meir...]
Sogndal Filmfestival: Frå "Børning" til Kronprins Olav !
AndersBaasmoFRAM

Sogndal Filmfestival har sikra seg svært attraktive foredragshaldarar til Fagdagen på festivalen 24. mars. Anders Baasmo Christiansen - ein av norges mest profilerte filmskodespelarar kjem til festivalen. Det same gjer Arve Uglum/NRK - som skal fortelja om den populære serien Fjellfolk. Arrangørane 3. klasse Media og kommunikasjon har dessutan fleire attraktive namn i ermet til fagdagen.
2015.02.04 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Kommunesamanslåing tema då VG3-elevane møtte Kommunal - og Moderniseringsministeren.
SannerFram

Kommunalministeren vitja Sogndal vgs mandag som ein del av ei rundreise i Sogndal/Luster. Jan Tore Sanner brukte mesteparten av tida i møte med elevane til å forklara bakgrunnen for regjeringa sitt ynskje om samanslåing av kommunar. 8. time vart dermed ei brukbar økt i samfunnsfag for elevane med sjølvaste statsråden som "lærar".Det var 2. statsrådbesøk på skulen på ei veke !!
2015.02.04 av Inge Kjell Holme [Les meir...]
Sigrid Moldestad - "Brevet til kjærleiken"
Sigrid Moldestad

Mandag 26. januar stilte Sigrid Moldestad med band til to konsertar i Sogndal Kulturhus. Til saman var 450 elevar til stades under Moldestad si framføring av sine eigne tolkningar av tekstane til diktar Jan-Magnus Bruheim.
2015.02.02 av Marianne Hagen [Les meir...]
Søking til vidaregåande opplæring
Logo_bølgje

Det er mogeleg å søkje vidaregåande opplæring til skuleåret 2015-2016 gjennom www.vigo.no frå 7. januar. I år er det laga ei søkjarhandbok som inneheld nødvendig informasjon om søking og inntak til vidaregåande opplæring i skule og i bedrift.
2015.01.29 av Marianne Hagen [Les meir...]
Statsrådbesøket - Godt gjennomført av Restaurant- og matfagsklassen
Servering

Tysdag 27. januar vart ein aktiv dag for vg 1 Restaurant- og matfagsklassen. Medan halve klassen hadde opplegg i Mat og helse med 9. klassen på Kaupanger skule, hadde resten av elevane celebert besøk i restauranten sin.

2015.01.28 av Jan Erik Bjørk [Les meir...]
Google søk
__________________________________________

Sogndal vgs på Facebook
Bibliotekbloggen
Digitale innovatørar

__________________________________________

__________________________________________